Lyst på ei overnatting litt utanom det vanlege? 😀 Her er tre unike stader som på kvar sin måte byr på noko ekstraordinært, alle med vakker natur rett utanfor døra:
🐦 Birdbox Årbakka
For nokre år sidan kom det eksklusive overnattingskonseptet Birdbox til Tysnes og Årbakka. 🛌 Denne komfortable minihytta ligg heilt for seg sjølv eit stykke oppe i lia, med fantastisk utsikt mot Onarheimsfjorden, Ulvanosa, Melderskin og Rosendal. Ta med deg kjærasten eller ein god ven – det er sengeplass til to.
Staden er gjestefavoritt på Airbnb, besøkande frå inn- og utland gir denne perla toppscore. ⭐️
🌊 Vaktmeisterhuset på Solstråleøya
I Godøysundet ligg frodige og eventyrlege Solstråleøya, kjent for si mystiske historie og rike planteliv. 🌳 Aust på øya, berre få meter frå sjøen, kan du overnatta i det som tidlegare var Kongen sin vaktmeisterbustad. 👑 Huset har sengeplass til sju.
Dette er staden for eit rolegare tempo – med bølgeskvulp som bakgrunnsmusikk og frisk sjøluft inn kjøkenvindauget. Som gjest her kan du låna kano og utforska dei flotte padleområda rundt øya. 🚣♀️
🥾 Skihytta på Ådnastegen
I Tysnesfjellet, om lag 1-1,5 time frå allfarveg, kan du leiga ei hytte med enkel standard og stor sjarm. 🥰 Skihytta på idylliske Ådnastegen har to soverom og hems + sovesofa, og av fasilitetar kan me nemna gasskomfyr, solcellepanel, bålpanne og hengekøye. Det er fleire fiskemoglegheiter i området. 🐟
Vatn hentar du frå ei kjelde like ved hytta. Å overnatta her er ei reise tilbake i tid, og garantert ei minnerik oppleving.
Nyfiken på å vita meir? Du finn kontaktinfo til dei ulike stadene her på visittysnes.no, under fana "overnatting".
~
📸 Bildet frå Birdbox Årbakka har me lånt av @amkleppe