Gjestehamner.
Båtturistane elskar Tysnes, med god grunn. Finn deg ei hamn du òg, og nyt idyllen.
Våge gjestehamn
Moderne kaianlegg sentralt plassert på Tysnes. Restauranten Mandelhuset ligg like ved, og det er elles gangavstand til daglegvarehandel, diverse nisjebutikkar, sommargalleri, bank, m.m. Hamna har badebrygge med sauna (Tysnes fyrstove) og stupetårn. Flott leikeplass for borna på kaien, og gode turmoglegheiter i nærleiken.
Moderne servicebygg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel.
I hjartet av hamna ligg Tysnes turistinformasjon (flytenaustet):
Ope frå medio juni – medio august,
tysdag-søndag.
Tlf. 53 43 21 00
Årbakka Handelsstad
Ei perle du ikkje vil gå glipp av på båtturen din! Her er vatn, straum, dusj, vaskemaskin, tørketrommel, krambu med sal av lokal handverk og kioskvarer, kunstutstilling, kystmuseum av Tysnes kystlag.
Tysnes Sjø og Fritid
Straum, toalett og dusj. Ein kan og leiga båt og feriehus her.
Butikk, badeplass, sandvolleybane og turstigar i nærområdet.
OnarHamn
Obs - stengd inntil vidare på grunn av storbrannnen på Alsaker Brygge i mars 2025
Flott kombinert gjeste- og næringshamn på Onarheim, med 85 båtplassar. Stupetårn og gratis wifi. Bunkringsanlegg, straum, vatn, og sløyebenkar. Moglegheit for å vaska klede.
Daglegvare og turvegar i nærområdet.
Lunde gjestehamn
Straum og vatn på kaien. Butikk, diesel og bensin om lag 350 meter frå kaien. Ballbinge, pumptrack, badeplass og turstiar i nærområdet.
Hamnevakt: 997 16 864.
Uggdal gjestehamn
Ligg like ved Tysnes sjø og fritid.
Straum og vatn. Butikk, badeplass, sandvolleybane og turstiar i nærområdet.