Reisa hit

Tysnes er ein øykommune midt i hjartet av Sunnhordland, omkransa av vakre fjordar på alle kantar. Me er tilknytt to ferjesamband og er også landfast med bru. Kom på hjul eller med båt - du får garantert ei fin oppleving! 


MED BIL

Kjem du nordfrå (Bergen/Os) tar du ferja frå Halhjem til Våge. Overfart ca 35 minutt.

Sjå ruter her

Kjem du sørfrå (Stord) tar du ferja frå Jektevik til Hodnanes. Overfart ca. 10 minutt. 

Sjå ruter her

Kjem du via Kvinnherad eller søndre del av Bjørnafjorden kan du køyra ferjefritt over Lukksund bru. 

MED EIGEN BÅT

Tysnes er eit ferieparadis for båtfolket, og me har fleire idylliske gjestehamner som ventar på deg. 

Les meir her

MED HURTIGBÅT

Hardangerfjordekspressen har stopp på Malkenes - hit kan du reisa frå Bergen, Flesland, Os og Rosendal. Dette er ein komfortabel og fin reisemåte om du har med deg sykkel eller har avtale om skyss når du kjem i land. 

Sjå ruter her

MED BUSS

Det er lett å koma seg med buss til dei to ferjesambanda som er knytt til Tysnes, særleg frå Bergen til Halhjem. Det går også buss frå Gjermundshamn (Kvinnherad) til Tysnes. 

Sjå reiseplanleggar hos Skyss her

MED TAXI

Tysnes Taxi tilbyr transport til og frå Tysnes.

Sjå kontaktinfo her

Velkommen til oss!

Share by: