Her er tre gode alternativ for deg som vil halda forma ved like medan du ferierer på Tysnes.
Moderne og fint treningssenter, sentralt lokalisert i Våge. Her finn du blant anna styrkestudio, aerobicsal, sykkelsal og tilbod om personleg trening. Ulike gruppetimar gjennom veka.
Ope kvar dag heile året for dei som har nøkkelkort. Gode treningstilbod for turistar og ikkje fastbuande.
Tlf: 916 89 760
Tysnes Treningssenter ligg lett tilgjengeleg i Uggdal, like ved rådhuset. Her er ein stor og open styrkesal med frivekter, utstyr for funksjonell trening, samt eit godt utval av ulike styrke- og kondisjonsapparat. Senteret har eigen spinningsal og gruppetimar i styrkesalen.
Bemanna i samband med gruppetimar og etter avtale.
Tlf: 91795221