Her finn du matopplevingar for einkvar smak.
Haaheim Gaard er kjent for sin særeigne og personlege atmosfære, og byr på smakfull mat med sesongbaserte råvarer. Hotellet har eigen gartnar som skapar hagen om til eit matfat, kor det blir hausta urter, grønsaker, frukt og bær. Restauranten har fleire lokale i ulik stil og storleik, og borda blir dekte med damaskdukar, tøyserviettar, kandelabrar og blomar.
Lunsj og middag kan førehandstingast kvar dag. I juli er det drop-in-lunsj. Ein kan også bestilla hageselskap i lysthusa, bygd på dei engelske tradisjonane for afternoon tea.
Kokkane varierer menyen fra dag til dag, sjå nærmare info på haaheimgaard.no.
Tlf: 534 33 000
Som ei kvit perle, rett ved sjøkanten i Våge, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidlegare ein landhandel og kai for fjordbåtane. No har staden blitt omgjort til ein lun og koseleg restaurant der kjøkenet bruker norske råvarer til å trylla fram gode matopplevingar for deg og dine.
Dagens eigarar har hatt drifta sidan 2005, men Mandelhuset blei til i 1995 etter at landhandelen la ned året før. Då hadde den vore i drift heilt sidan 1923.
Vertskapet si oppgåve er å vera ein god restaurant og møteplass på Tysnes, dei gjer sitt beste for at Tysnes skal vera ein god plass å bu og besøka.
Tlf: 534 32 100
Det er eit must å besøka Myrdal gard når du er på Tysnes. Her er det store trekkplasteret nydeleg pizza frå vedfyrt omn, med ei rekkje spanande ostar og smakar. Ta gjerne ein tur til Tysnessåto først, så smakar maten ekstra godt!
I gardsbutikken kan du elles la deg freista av lokalproduserte produkt som ost, yoghurt, iskrem, egg, kjøt og fersk bakst. Myrdal gard sel også syltetøy, saft og pølser frå andre lokalmatprodusentar.
Tlf: 955 28 264
Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage er eit sjarmerande, økologisk bakeri i den idylliske bygda Baldersheim, kort veg frå Tysnes. Ranjeeta Styve Aarvik har ein stor lidenskap for gode, kortreiste kvalitetsråvarer, og spesielt urkorn og andre gamle kornsortar. I bakeriet sitt tryllar ho fram dei flottaste bakverk, alt frå steinomsbakte surdeigsbrød til saftige skillingsbollar med ekte Ceylon-kanel.
Fru Aarvik har også sal av andre økologiske produkt som kaffi, te, sjokolade, nøtter, tørka frukt, ost, spekemat, juice/most, grønsaker i sesong og mykje anna godt.
På kaikanten i Uggdal har Haaheim Gaard restaurert ein gamal landhandel frå 1902 og reopna den som som lokalmatutsal, bakeri og sjokoladefabrikk. Butikken er som eit levande museum med gjenstandar og atmosfære frå ei svunnen tid. Ute er det sitjeplassar med flott sjøutsikt.
Nyheit våren 2025: E H Vaage har blitt restaurant! Konseptet er danske smørbrød. Meir info kjem.
Tlf: 53 43 30 00
(Haaheim Gaard, driftar)
Laukhamar Fritid på Skorpo serverer god tradisjonsmat, mellom anna rettar med sau/lam frå eigen produksjon. Følg med på Facebook for å sjå kva tid det er ope for søndagsmiddag.
Utanom dei annonserte opningstidene tek vertskapet imot bestillingar på selskap og overnatting heile året. I det lyse og trivelege selskapslokalet er det plass til ca 70 personar.
Tlf:
993 31 168
Som eit midtpunkt i hamna i Våge ligg Flytenaustet - Tysnes kommune sin turistinformasjon. Her er det både isbar, nysteikte vaflar og Tysnesfest-butikk.
Ope frå medio juni til medio august, tysdag-søndag.
Tlf: 53432100 (Mandelhuset, driftar)
Ein i utgangspunktet ubemanna kafe, der du kan forsyna deg av gratis kaffi.
Du får også kjøpt deilig soft-is, berre ta kontakt med beteninga i Joker-butikken.
Kafeen er for alle, og er ein fin stad for å ta seg ein pust i bakken.
Tlf: 53 43 07 00
(Joker Onarheim)