Her er det mykje spanande å få med seg. Finn dine favorittar og set av god tid!
Handelsstaden er ein klassisk vestlandsk landhandel frå 1898, som ligg lunt til ut mot Onarheimsfjorden. I sjøbuo er det kunstutstillingar og sal av brukskunst. I smio har Tysnes kystlag utstilling av ting som høyrer kysten til. I krambuo står interiøret som på 1930-talet, og her kan du kjøpa handverksprodukt, vaflar og kaffi.
Like ovanfor handelsstaden ligg Årbakkavollen, eit fornminne frå eldre jarnalder (0-550 e.kr.) med restar etter 20 gravrøyser og minst 6 bauta-steinar.
Infotavle ved parkeringsplassen, gratis parkering og inngang. Gjestehamn.
Ved innseglinga til Hardangerfjorden ligg øya Huglo, og her finn du Myrvold gård. Garden er eit bureisingsbruk skilt ut frå hovudbruket for snart 100 år sidan. Historisk drift på garden har vore fiskebåtbygging og sjølvberging.
Dagens eigarar har drive garden i over 20 år, og har no besøksgard med gardsbutikk, kafe/galleri og moglegheit for overnatting. Alt som blir servert eller selt i gardsbutikken er i hovudsak dyrka, sanka eller produsert av ressursar på garden eller i nærmiljøet. Garden har dei fleste tradisjonelle norske husdyr i tillegg til nokon eksotiske innslag.
Ost, rømme, smør, lefser, is, saft, syltetøy og geléar, te og krydder, egg, naturprodukt, saueskinn, gåver som biletkunst, keramikk og mykje meir finn du i gardsbutikken.
Det er gratis å ta ferje til Huglo, og frå ferjekaien er det berre nokre få minutt å køyra til Myrvold gård.
Sjokoladefabrikk, lokalmatutsal og sal av lokale handverksprodukt. Handelsplassen er i dag som eit levande museum, der ein kan sjå korleis ein handelsstad kunne vera for 100 år sidan.
I 1895 overtok Engelaus H Vaage handelstaden etter faren på Eie i Uggdal. Han gifta seg til pengar og bygde butikken der den står i dag i 1902. Den blei seinare driven av sonen Ole Vaage, fram til den blei lagd ned i 1987. Dei siste åra har Haaheim Gaard restaurert den og gjort den til sitt vindauga mot havet. Her har også Haaheim Sjokolade sin produksjon og utsal av handlaga konfekt.
Lat att augo og nyt minne frå ei svunnen tid!
Populært sommargalleri på kaien i Våge. Utstillingar med mange kjente kunstnarar.
Ope frå medio juni til medio august.
Tlf.: 911 31 881
VIKINGKLEDE, DOKKER OG MYKJE MEIR
Velkomen til tekstilhandverk, verkstad og galleributikk på Gjerstad ved Tysnes kyrkje! Utforsk den unike verda av tekstilarbeid skapt av Britt Kjellesvik Rage.
Her kan du få kjøpt vikingklede og andre historisk inspirerte plagg for både vaksne og barn. Dokker i historiske drakter. Hand- og fingerdokker og andre saker for barn. Sy-sjølv pakkar og mykje anna kjekt. Også eit godt utval av Knut Rage sine bøker. Det blir arrangert dokkekurs og kurs i nålbinding.
Breidablikk Anno opnar dørene på førespurnad - heile året! Du er også velkomen til å stikka innom spontant.
Tlf: 98654110
Kulturløo har ei stor og unik samling av reiskapar på garden Drange frå 1850-1950. Folket på garden gjorde alt arbeid sjølv, og dreiv m.a. som bøkkar, skomakar, smed, snikkar, og fiske. I Kulturløo er det utstillings- og festlokale.
For omvising, ta kontakt med Helge Drange på tlf
906 98 140 eller e-post hbdrange@online.no
Følg elles med i SoMe for info om opne dagar.
Tysnes sogelag, Tysnes bygdekvinnelag, Tysnes musélag og Venelaget for jåttseglarane har dei siste åra samarbeidd om å laga innhaldsrike utstillingar i det gamle Tinghuset i Uggdal. Her kan du læra om korleis tysnesingane levde før i tida.
Dei som ynskjer ei omvising i Tysnes sitt nye kulturhus kan ta kontakt med ein av personane under:
Jorunn Bjordal tlf.: 95066576
Sigurd Bjordal tlf.: 90868624
Olav Skjellevik: Tlf.: 91532806
I Solheimsdalen ligg Tysnes skulemuseum. Skulehuset er frå 1896 og inneheld ei flott klassisk skulestove saman med lærarbustad og uthus. Originale pultar og inventar er utstilte, og ein har i tillegg samla inn skulemateriell og gjenstander frå heile kommunen frå den tida grendeskulen var i drift.
Omvisning på førespurnad til Hans Tore Brekke: 481 48 282/htbrekke@gmail.com.
Ikkje langt unna Hodnanes ferjekai, i retning Onarheim, kan du utforska ei ekte gruve som ligg like ved fylkesvegen. Gruvegangen går om lag 140 meter inn i fjellet, og lengst inne deler den seg i to sidegangar, kvar på 5-6 meter. Gruva er heilt trygg å gå i, men det kan vera ein fordel å ha vasstette sko. Hugs lommelykt og ein dose eventyrlyst.
Når du står ved avkøyrsla til Hodnanesvegen 252-254 finn du gruveinngangen på motsett side av fylkesvegen. Det er infotavle på staden.
Under krigen vart det bygd to tyske fort på Reksteren, eitt i sør - på Flygansvær - og eitt i nord, på Kaldafoss.
Fortet på Flygansvær er relativt stort og godt bevart. Det er sett opp ei informasjonstavle ved fortet med kart over anlegget.
Ved Kaldafoss vart det i 2014 reist ein bautastein til minne om tre britiske flygarar som vart skotne ned i 1941.
Dette er ei av dei mest spektakulære marmorgruvene i Sunnhordland, der eit lag av marmor er hola ut ei gruve under bakken, truleg så langt tilbake som 1600-talet. Det er fleire inngangar til gruva, og særleg spektakulært er det å stå på innsida og sjå ut mot sjøen.
Tilkomst med båt. Seløya ligg mellom Flornes og Ånuglo, søraust for Onarheim.
Berggrunnen på austsida av Tysnes er svært kalkhaldig. Dette har vore utnytta til kalkbrenning i fleire hundre år, og gav gardane i området ei spesiell attåtnæring fram til 1900. Den ferdige kalken vart skipa m.a til Bergen og nytta til husbygging. Kalkomnen på Flakka vart restaurert i 1992 av Tysnes kulturminnelag i samarbeid med Tysnes kommune.
Omnen ligg ved Flakkavågen ca 2 km sør for Onarheim. Parkering og informasjonstavle ved hovudvegen.
Kultplass, soldyrking og ekserserplass med gapestokk og minne frå fleire kyrkjer. Ta av hovudvegen mot Godøysund og følg skiltet til Tysnes. Gå vegen med steingarden på venstre hand. Informasjonstavle ved kyrkjegarden.
Kyrkjegarden på Reksteren vart vigsla i 1890 og nytta fram til 1922. Kapellet er eit kombinert bårehus og portal inn til den sær-merkte kyrkjegarden. Informasjontavle ved steingarden.