Gå ikkje glipp av:

23. - 25. juni 2023

SJÅ KVA SOM SKJER

28. - 30. juli 2023

SJÅ KVA SOM SKJER

11. - 13. august 2023

SJÅ KVA SOM SKJER

Aktivitetar innandørs.

Uansett kva slags interesser du har, er me sikre på at du finn noko kjekt å gjera på Tysnes.


Tysnesfest

Tysnesfest er ein populær festival som begeistrar både små og store, og trekkjer publikum frå store delar av landet. Festivalen har tidlegare hatt besøk av internasjonale namn som Tom Jones, Ronan Keating, Toto, Europe og The Prodigy.


Tysnesfest 2023 går av stabelen frå 12. til 16. juli.
Følg gjerne festivalen i sosiale medium, så held du deg oppdatert på siste nytt.

LES MEIR

Turar i vakker natur

I Tysnes er over 30 turstiar merkte, og ved alle dei 19 utgangspunkta for turane er det sett opp informasjonstavler. Turane er graderte etter nasjonal standard, med vanskegradene lett, middels eller krevjande.


Informasjonstavler ved utgangspunkt/parkering frå: Ve i Våge, Tysnes skule, Vadla, Humlevik, Myrdal, Skaret, Tveit, Onarheim, Skjellevik, Solheimsdalen, Dalen, Uggdal, Frøkedal, Hope, Gjøvåg og Kaldefoss.


Kartfalderen "Vandring Tysnes", med oversikt og informasjon om alle dei merkte turstiane, er til sals hos Årbakka Handelsstad, Gøy på landet, Essoen i Våge, Haaheim Gaard og Tysnes kommune. Ei rekkje forslag til turar får du også her på nettsida, i underfana "Turmål". God tur!

TYSNES TURLAG

Tysnes frå sykkelsetet

Heile Tysnes er godt eigna til fine opplevingar på sykkelen. Sjå deg ut eit tilfeldig mål på kartet, eller vel ein av rundturane nedanfor.


Våge – Uggdal – Onarheim – Lunde – Våge 43,5 km.

Syklar du rundt øya får du ein svært variert tur, gjennom både ubebygde strøk og vakre kulturlandskap. Store delar av turen går langs Onarheimsfjorden/Hardangerfjorden, med utsikt til Kvinnheradsfjella og med Folgefonna i bakgrunnen. 


Våge – Flatråkervassdraget – Våge 31 km

Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i Våge og går gjennom skogkledde område og langsetter blenkjande vatn. Kvar ein sving og kvar ei slette freistar deg til å ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roen. Her får ein vegen mest heilt for seg sjølv. 

Ikkje med eigen sykkel? Du kan leiga hos Årbakka Handelsstad eller låna gratis hos BUA Tysnes.

Padling

Flatråkervassdraget, Onarheim-vassdraget, Bårdsundet, Godøysund og Ånuglo – ja kort sagt rundt heile Tysnes – er det idylliske område for padling, naturopplevingar og rekreasjon.


Om du ikkje har eigen kajakk, kan du leiga på Årbakka Handelsstad. Ved Onarheimsvatnet er det utleige av kano.


Lyst til å padla i lag med andre? Bli med i Facebook-gruppa "Padling på Tysnes".

Golf

Tysnes golfklubb ligg flott plassert på Dalen ved eit av dei mange utgangspunkta for turar i Tysnesfjellet, og like ved Haaheim Gaard. Her er det mogleg å spela golf både for nybyrjarar og meir erfarne spelarar. 


I januar 2022 stod ein splitter ny golfsimulator klar til bruk. Vêr er med andre ord inga hindring om du vil ha deg eit slag golf på Tysnes.

LES MEIR OM TYSNES GOLF

Tysnes Fyrstove

Som eit smykke i Våge gjestehamn ligg Tysnes Fyrstove - ei flott badstove med plass til 8-10 personar. Perfekt for vennegjengar, utdrikningslag, m.m. Her blir du sveitt og glad, uansett årstid. Utsikta er nydeleg, og avstanden til sjøen kort, berre 60 centimeter! Det er badebrygge med stupetårn rett utanfor badstova.

Du kan bestilla time på Tysnes Fyrstove si nettside, så er omnen varm og god når du kjem. Ta gjerne ein godt måltid på Mandelhuset før eller etter.

LES MEIR

Putball

Den relativt nye blandingssporten putball er komen til Nesse Gard. Her følgjer ein golfprinsippa, men tek i bruk fotball og beina. Målet er å sparka ballen i hola med færrast mogleg spark. Dei ni hola på området har ulik vanskegrad, nokre skal vera nybyrjarvenleg, andre vil ha hinder i sin veg. Spelet er uansett ope for alle, sportsglade eller ikkje, eldre og yngre. Alt som trengst av utstyr låner du på staden, og betaling skjer via Vipps (100 kr for vaksne, 50 kr for born over 6 år).


Banen er til vanleg open laurdagar og søndagar, men sommarferien er unntaket, då er det ope kvar dag. Om nokon vil leiga banen er det også mogleg. Ta kontakt via Facebook-sida eller på 97933559.


Vegen hit: Ta av mot Neshamn ved Søreidsvågen, og følg vegen til du når eit oransje skilt som seier "Velkommen til...”)

Pumptrack

Sommaren 2021 fekk Tysnes skule på Gjerstad heilt nytt uteområde, med pumptrack-bane og ein stor og variert leikeplass. Eit fint fritidstilbod for både tilreisande og fastbuande. Gangavstand frå hamna i Våge.


PS: Det ligg også ein veldig kjekk pumptrack-bane ved Bunnpris i Lunde.

 



SvingenPuls

Moderne og fint treningssenter, sentralt lokalisert i Våge. Her finn du blant anna styrkestudio, aerobicsal, sykkelsal og tilbod om personleg trening. Ulike gruppetimar gjennom veka.
 
Ope kvar dag heile året for dei som har nøkkelkort. Gode treningstilbod for turistar og ikkje fastbuande. 

LES MEIR

Segling

Siglarlaget Njord/Tysnes eig naustet Njordstø i Våge med tilhøyrande kaianlegg.


Segling, kajakk og andre aktivitetar knytt til sjø og sommar.

LES MEIR OM NJORD TYSNES

Tufteparken i Peralio

Lågterskel-treningstilbod der du bruker eigen kroppsvekt på ulike apparat, samstundes som du kan nyta ei nydeleg fjord-utsikt. Tufteparken ligg i gangavstand frå Våge, og er gratis for alle å bruka.

Frå Våge følgjer du først Teiglandsvegen nokre hundre meter, og deretter Peralivegen. Du ser tufteparken på høgre hand når du er nesten heilt nede ved sjøen. 

Sandvolleyball 

Tysnes har tre fine sandvolleyballbanar som du fritt kan bruka:

1. Apalvika i Lunde (biletet)
2. Kjevikjo i Uggdal
3. Reiso, ved Njardar sin grasbane

Hugs å ta med eigen ball!

Leikeskogen på Nesse Gard 

På Neshamn finn du eit flott tilrettelagt familieområde, der det er perfekt å ta borna med på oppdagingsferd og leik. Her er det mykje å sjå på og ta seg til, spesielt for dei minste.


Langs naturstien «Hakkebakkestien» møter du blant anna Klatremus og Bestemor Skogmus - fint måla på treplank. Leikeskogen byr elles på lavvo, vikingskip, leikehytte, mange ulike disser, balanseline, utsiktstårn m.m. Ved «utefjøset» kan ein låna bålpanner og ved. Det er også kashmir-geiter i området som ein kan få helsa på og mata.
 
Vegen hit: Ved Søreidsvågen følger du skilting mot Neshamn. Etter ca 6 kilometer, like før kaien, tek du opp til høgre ved eit skilt der det står «Velkommen til Hakkebakkestien». Fortset vidare oppover, forbi den fargerike låven som du får på venstre hand.

BUA Tysnes 

Kom innom på BUA i Tysneshallen, og lån det du måtte ynskja. Dei har blant anna to SUP-brett som ligg klare til å bli tatt i bruk!

Opningstider:
Tysdagar: 14:00-16.00

Torsdagar: 14:00-16:00




SJÅ LITT AV UTVALET

Bowling

I Tysneshallen på Gjerstad er det ein bowlinghall med tre banar. Ope måndag og onsdag kl. 18.00-21.00, og torsdag og søndag 18.00-20.00. Det kan vera lurt å tinga bane på førehand.

 

Høver ikkje dei faste opningstidene, eller skal du kanskje arrangera bursdagsselskap? Ta kontakt med bowlingleiar Helge Hauge for avtale.

Tlf: 99640123
Mail: Helge.hauge@haugnett.no

Grendatun kino

God gamal bygdekino i Uggdal driven på dugnad, med mest aktivitet i vinterhalvåret.

Følg med på facebooksida for å bli informert om aktuelle filmar.




Tysnes vinterbading

Tysnes vinterbading er gruppa for deg som likar å utfordra deg sjølv, og for deg som ikke er redd for einsifra temperaturar i sjøen. Frå seint på hausten til påske møtest gjengen den fyrste laurdagen i månaden klokka 12 til en frisk dukkert frå badebrygga i Våge hamn. Etter badinga samlast ein til drøs rundt langbordet inne på Mandelhuset, der ein får noko godt å varma seg på.


Gruppa er open for alle, ta gjerne med ein venn!


Kontaktperson: Christian Nome Lepsøe, tlf 995 42 336


Tysnes Treningssenter

Tysnes Treningssenter ligg lett tilgjengeleg i Uggdal, like ved rådhuset. Her finn du ein stor og open styrkesal med frivekter, utstyr for funksjonell trening, samt eit godt utval av ulike styrke- og kondisjonsapparat. Senteret har eigen spinningsal og gruppetimar i styrkesalen.


Dei dyktige og motiverande instruktørane hjelper deg å nå treningsmåla dine.

Treningssenteret har også tilbod om PT (personleg trenar), rehab-trenar og kosthaldsrettleiing.

LES MEIR

OnarTrim

Det sjølvbetente treningssenteret på OnarTun har squash-bane, tredemøller med fjernsyn, spinningsyklar og eit godt utval av ulike styrkeapparat og vekter. Leikerom for born like ved.


Ta kontakt med dei tilsette på Joker-butikken for drop-in-time.

Tysnes folkebibliotek

Tysnes folkebibliotek ligg i Tysneshallen på Gjerstad. Her finn du ei flott samling barne- og ungdomsbøker, teikneseriar, tidskrift, lydbøker, samt skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne.

 

Biblioteket er meirope. Det vil seia at lånarar kan bruka biblioteket også utanom bemanna opningstid (alle dagar kl. 08:00-22:00).

 

Tysnes folkebibliotek er med på Sommarles, og tilreisande sommarlesarar kan sjølvsagt også hente premiane sine der.

 

Sjå Facebook eller heimesida for informasjon om opningstider.

LES MEIR

Fisking

Tysnes er eit populært reisemål for fisketuristar. Dersom du ikkje har eigen båt, kan du ta kontakt med Tysnes Hytte- og Båtutleie & fiskeguiding. Dei tilbyr både fiskeguiding og båtutleige. Røye- og laksefisking kan også tingast.


Tlf.: 988 88 261 / 997 45 533

mail@tysnes.com


LES MEIR

Har du tips til kva me kan ha med på nettsida?


Send melding her